Flodbølgjer - Tsunami
av Stein Bondevik og Kåre Kullerud

Undersjøiske forkastningar eller skred kan setja i gong kjempebølgjer som kan gjera store skader når dei møter land. Når havbotnen søkk eller hevar seg i laupet av sekundar, ofte på fleire tusen meters djup, vert enorme vassmassar senka eller heva heilt frå havbotnen og opp til overflata. Dette skapar bølgjer som breier seg utover havoverflata. Fenomenet vert kalla tsunamiar. Midt ute på havet er bølgjehøgda til tsunamien låg, til dømes 1 meter. Bølgjelengda kan derimot vera fleire hundre kilometer. Når ein tsunami passerer eit skip på havet, vil skipet verta sakte heva og senka. Ei heving på til dømes 1 meter kan ta 5-10 minutt. Mannskapet på skipet er difor heilt uvitande om tsunamien som passerer. Bølgjefarten aukar med djupet og farten vert difor redusert når bølgja kjem inn på grunnare område. Halen på bølgja, som vil vera på djupare vatn enn bølgjefronten, vil ta innpå fronten slik at bølgjelengda minkar samtidig med at bølgjehøgda aukar dramatisk. Når bølgja kjem inn på grunnare vatn, kan den til dømes vera 20 meter høg sjølv om den berre er 1 m høg i det opne havet. Sjølv om bølgjefarten vert redusert når bølgjene kjem inn på grunnare område, brasar dei inn på land med så stor fart at det som oftast ikkje er nokon som greier å springa i sikkerheit. På øyane i Stillehavet har mange landsbyar vorte øydelagde av tsunamiar opp gjennom historia. Øydeleggjande tsunamiar hender gjennomsnittleg ein gong i året. Animasjonen under viser korleis ein forkastning kan setja i gong ein tsunami.

 

Tsunamiar har også ramma Norge. Dei mest kjende i historisk tid er katastrofane i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjord i 1934 der flodbølgjene vart danna av at enorme steinmassar rasa ned frå fjellsida og trefte vatnet/fjorden. I Loenvatnet nådde bølgjene 44 meter opp på land i 1905 og så mykje som 70 meter i 1936! Den mest omfattande flaumkatastrofen i nord-Europa etter istida skuldast ein tsunami utløyst av eit gigantisk undersjøisk ras rett utanfor Mørekysten. Raset vert kalla for Storeggaraset og hende for ca. 8100 år sidan. Animasjonen under viser korleis dette raset sette i gong ei flodbølgje. Fleire norske geologar arbeider med å forstå korleis raset vart utløyst og kartleggja omfanget av flodbølgja. Geologar har funne spor frå dette raset i Skottland, langs kysten av Noreg og på Færøyane. Flodbølgja er kartlagt til å ha vore 10-12 meter høg på Mørekysten og må ha vore katastrofal for steinalderfolket langs kysten vår.


Andre animasjoner av Storeggaraset og den påfølgende flodbølgen kan du se her: http://www.math.uio.no/gitec/

En tsunami kan gjøre enorme ødeleggelser, noe bl.a. oljeselskapene forsøker å ta høyde for når de bygger sine installasjoner i havet utenfor Norge. Men heldigvis kan det gå flere tusen år mellom hver gang Norge blir rammet av en stor tsunami.

Etter et innslag om Storeggaraset og tsunamier i Schrödingers katt, svarte Petter Bryn, Norsk Hydro på spørsmål fra seerne.

For mer informasjon om tsunamier kan du laste ned sidene under:

http://www.tsunami.org/
http://www.geophys.washington.edu/tsunami/
http://www.pmel.noaa.gov/tsunami/
http://www.usc.edu/dept/tsunamis/